Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Landbrukspolitikk på agendaen da Per Vidar Kjølmoen besøkte Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 8. august 2025

Torsdag var førstekandidat og stortingsrepresentant for Møre og Romsdal Arbeiderparti på valkampbesøk i Surnadal. Her var det landbrukspolitikk som stod på agendaen første del av besøket, før det bar vidare til valkampstand i Surnadal og Quiz på hotellet.

Varaordførar, Annett Ranes, leiar i Surnadal Arbeiderparti, Bente Mosbakk, lokal valkampleiar Lilly Gunn Nyheim og Ann Grete Gravvold var vertskap og var med frå lokallaget.

Odd Arild Sande overrekte også ein uttale frå Surnadal Arbeiderpartiet i høve til situasjonen i Gaza, ein uttale Kjølmoen lova å ta med seg attende til partiet sentralt. Uttale fra Surnadal Arbeiderparti

Odd Arild Sande overleverte, på vegne av Surnadal Arbeiderparti, uttale om krigen i Gaza til Per Vidar Kjølmoen. Foto: B G Ansnes

Første stopp på turen var på garden Polden, hos Anne Saltrø Polden og ektemannen Peder Saltrø. Her fekk Kjølmoen i tillegg til å møte ekteparet Saltrø Polden, også møte leiar i Surnadal Bondelag, Eirik Fiske og tidlegare fylkesleiar i Bondelaget, Oddvar Mikkelsen.

Stor volumauke i produksjonen

Saltrø Polden kunne fortelje om stor auke i produksjonsvolumet sidan ho overtok garden i 2005. Da var mjølkekvoten på garden 80 tonn, medan den i dag er på 520. Det er også bygd nytt fjøs på garden, samstundes som det gamle er restaurert og ombygd.

Saltrø Polden driv med mjølkeproduksjon og litt sau. Oksekalvane sel dei som livdyr til andre når dei er nokre veker. Kukalvane fòrar dei til eige bruk, men også for vidaresal som livdyr.

Anne Saltrø Polden tok imot stortingsrepresentant og førstekandidat for Møre og Romsdal Arbeiderparti, Per Vidar Kjølmoen. Foto: B G Ansnes

Den same tendensen som Saltrø Polden i volumauken i produksjonen kan også Fiske og Mikkelsen fortelje om for deira bruk. Båe har i dag ein auke i produksjonsvolumet sitt som er 3 – 4 gonger større no, enn da dei overtok gardsbruka dei i dag driv.

Viktig bodskap til Kjølmoen

Dei tre bøndene var klare på at rammevilkåra for bøndene har vorte betre dei siste fire åra, altså under det raudgrøne fleirtalet. Men dei understreka også at det framleis er fleire utfordringar att før ein kan seie ein har kome i mål.

Vi lever i ei dyrtid, noko som betyr at alle driftsmidla til bøndene har vorte dyrare, utan at dette er fullt ut kompensert i dei statlege overføringane. Dette gjeld både for maskiner og innsatsfaktorar som kraftfôr, kunstgjødsel, rundballplast, drivstoff og mykje anna.

Det er også dyrt vanskeleg å finne avløysarar, og det er dyrt. Dette gjer at bøndene ikkje har råd til å ta ut så mykje fritid som dei ønsker. Arbeidstida med lange dagar er eit anna moment. Begge desse gjer at rekrutteringa til bondeyrket har utfordringar i høve til andre næringar.

Raudgrønt etter valet er viktig for Møre og Romsdal si framtid

«Eg er stolt av den landbrukspolitikken det raudgrøne fleirtalet har stått for i inneverande stortingsperiode», sa Kjølmoen.

«Eg meiner at eit raudgrønt fleirtal etter valet er heilt avgjerande for stabile rammevilkår for landbruket i Møre og Romsdal», la han til.

Landbrukssamvirket er viktig for landbruket

Anne Saltrø Polden er styremedlem i Tine. Saman med Fiske og Mikkelsen understreka ho kor viktig landbrukssamvirket, representert i første rekke ved Tine og Nortura er for stabile rammer i landbruket. «Ein kan kalle landbrukssamvirket for grunnfjellet i landbruket», sa dei tre. 

«Landbrukssamvirket gjer det mogleg å drive landbruk over heile landet, og er såleis viktig for matsikkerheita og beredskapen vår», sa Saltrø Polden. Både Tine og Nortura har mottaksplikt, ein mottaksplikt som gjeld for heile vårt langstrakte land heile året, kvar dag eller helg», la ho til.

«Sjølv om både Tine og Nortura har mottaksplikt, så skal båe ha ei forretningsmessig og økonomisk forsvarleg drift», seier dei tre. «Dette inneber mellom anna at staten må gje dei levelege driftsvilkår, mellom anna gjennom marknadsreguleringar og langsiktige rammevilkår», avslutta dei tre.

Lilly Gunn Nyheim, Monica Moen Kvendset, Per Vidar Kjølmoen, Jostein Kvendset og Ann Grete Gravvold. Foto: B G Ansnes

Lia gard, eit allsidig gardsbruk

Etter besøket i Polden gjekk turen til Lia gard og drivarane Monica Moen Kvendset og Jostein Kvendset. Her fekk Per Vidar Kjølmoen ei lita orientering om gardsdrifta til ekteparet.

Det er Moen Kvendset som har hovudansvaret for gardsdrifta og gardsbakeriet, der det er gardsbakeriet som utgjer hovuddelen av drifta.

Ekteparet har geiter og alpakkaer, der dei i sommarhalvåret leiger ut geiter til landskapspleie. Dei driv også med hundeopprett.

Det er altså gardsbakeriet som utgjer hovuddelen av gardsdrifta. I tillegg til varer frå eigen produksjon, sel dei varer frå andre lokale leverandørar i sitt sjølvbetente utsal. Utsalet er betent anna kvar fredag.

Per Vidar Kjølmoen kjøpte med seg godsaker frå gardsbakeriet i Lia

Kjølmoen nytta høvet til å kjøpe med seg nokre godsaker frå gardsbakeriet.

«Det er greitt og interessant å få kome på besøk til flinke og optimistiske gardbrukarar som i Polden og Lia», avslutta Kjølmoen første del av valkampbesøket sitt i Surnadal.

Først publisert: 8. august 2025, 09:00 - Sist oppdatert: 7. august 2025, 16:10