I morgon presenterer Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag krava sine til årets jordbruksoppgjer, og på torsdag kjem regjeringa med sitt tilbodod i oppgjeret. I samband med dette, var Stortingsrepresentant Jenny Klinge, saman med leiar i Surnadal Senterparti, Silje Beate G. Holten, i går ettermiddag på besøk hos bonde Jan Henrik Moen, som driv garden Utigard på Sande i Øvre Surnadal.
Temaet for besøket var naturleg nok jordbruksoppgjeret og kva lokale bønder forventar seg ved årets oppgjer. Det kom fram under besøket, at kompensasjon for den store kostnadsveksten og tetting av inntektsgapet, vil vere heilt avgjerande for framtida til norsk landbruk.
Surnadal Senterparti håper og trur at Senterpartiet i regjering får til eit godt jordbruksoppgjer, og dermed bidreg til ei lysare framtid for norsk matproduksjon og den norske bonden. Så vil vi, i tida som kjem, sjå om det er politisk vilje til å satse på norsk matproduksjon?
Du kan følge: Surnadal Senterparti på Facebook