Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Landa første laksen etter ein halvtime

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. juni 2019

Ved midnatt gikk startskotet for laksefisket i Toåa. Ein halvtimes tid gikk det før Ole Martin Øyen landa den første laksen – eit flott eksemplar på rundt 7 kg.  Dette lover godt for årets sesong som er spådd å bli ein sesong med mykje stor laks.

Laksecafè utafor Matkroken i finvêret fredag kveld. Ved midnatt startet laksefisket og det er knytt stor spenning til årests sesong. Foto: Tove T. Brøndbo

Elles vart starten på laksefisket markert med «Laksecafe» ved Matkroken, der det var samling utendørs i det fine vêret. Det var eit triveleg arrangement, sjølv om det ikkje var så mange som kom, seier styremedlem i Todalen elveeigarlag Tove t. Brøndbo som har sendt oss bilder frå arrangementet.

Ole Martin Øyen tok som sagt den første laksen i natt. Det skjedde i Stillhølen alt etter 30 minutt. I skrivende stund er det vassføring på rundt 13 m3/sek som er rekna for å være fin fiskarelv, og vi blir ikkje overraska om det blir fleire laksar dei første dagane i sesongen

Publisert: 15. juni 2019, 08:05