Frå fredag kveld kokka 18:00 til laurdag morgon klokka 10, hadde Start 4H invitert sine medlemmer til LAN-party i Todalen ungdomshus. Her var det dataspeling på høgt nivå, både med tanke på utstyr og ferdigheiter. Men det vart og tid til litt andre aktivitetar som vi litt eldre skjønar meir av. Men alle aktivitetane gjekk føre seg under mottoet: «fram daa frendar i fredlege kappstig», som det står ovanfor scana i ungdomshuset.
SpareBank 1 – Nordmøre spanderte pizza, medan Matkroken Todalen og handelsmann Nordvik spanderte brus til LAN-gjengen. Det var noko ALLE sette stor pris på og kose seg med. Utan mat og drikke …. !
Svorka hadde sett opp hastigheita på fibernettet i ungdomshuset til maksimal hastigheit for anledninga, slik at hastigheita skulle vere tilstrekkeleg til at alle fekk spele utan problem.
Start 4H har søkt Surnadal kommune, ved ungdomsrådet, om støtte til arrangementet.
Da vi var innom i 10-tida laurdag morgon, kunne alle deltakarane skrive under på at det hadde vore eit kjempeflott LAN-party. Dei fleste vedgjekk likevel at det skulle bli godt å kome heim og få seg ein liten blund, for det hadde blitt lite med søvn i løpet av natta. Men at det hadde vore eit vellykka arrangement var det ingen tvil om!
Søndag skal 4H pynte i Todalen kyrkje til Hausttakkefest-gudstenesta, som tek til klokka 11:00 søndag, så det blir ei travel helg for 4H-arane, så etter å ha kvilt ut litt i dag, så er det på han att i morgon.