Ja, bildetekst og overskrift kan forvirre, men alt er like rett denne gongen melder bibliotekar Karen Johanne Talgø ved Todalen filial. Det er mange som har bøker dei skulle ha levert inn etter endt forfall, og desse kunne Karen Johanne gjerne ha tenkt seg å fått inn før ho tek sommarferie i neste veke.
Siste utlånskveld er nemleg måndag 20. juni frå 18-20, og då kan du låne bøker som du kan ha til utlånskveldane startar opp att på august. Biblioteket følger skuleruta.