Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lamafødsel i kveldssola

Elinor Bolme Fredag 30. mai 2014

I ettermiddag vart lamabestanden i Pestua auka frå to til tre. Midt under eit dobbelt gebursdagslag med huserande ungar i rundt seg vart lama Alexsandra mor til ein liten krabat på ekra attmed stuehusa.

På underkant av ein time hadde mor gjort unna ein ukomplisert fødsel, i alle fall fysisk. Lamamor vart rett etter at føllet kom til jaga av den nybakte far, som til slutt måtte skiljast for at ho skulle få fred i lag med den nyfødte.

Lamaen før eigentleg berre på morgonen/på dagtid i opprinnelege strøk, for at ungen skal berge det første døgnet med fuktig pels.  Med det fine veret vi har i desse dagar er det nok ingen ting som kjem til å stå på det vesle føllet.

Vi var to fotografar tilstades under hendinga, med to ulike reiskap. Kjetil Sogge hadde med seg proffesjonelt kamera med lang linse, medan undertegnende kun hadde ein skarve telefon.    Under er eit blanda galleri frå begge to.

Publisert: 30. mai 2014, 20:42