Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laksestarten er som å vente på julekvelden

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. mai 2021

Laksefisket nærmar seg med stormskritt – i Toåa startar fisket den 15. juni og varer til 15. august.  I Surna er dei i gang om ei veke – nærare bestemt tysdag 1. juni går startskotet der. Det er nok mange som stundar til at laksefisket skal starte, og «medan du ventar» har Todalshytta lansert ein flott promoteringvideo i samarbeid med utstyrleverandøren Zpey.  Opptaka vart gjort i Toåa i fjor sommar og resultatet – ein videosnutt på 3-4 minutt vart sleppt for eit par dagar sia.

Alle opptak til videoen er gjort i Toåa – det er berre å klikke deg i gang på linken og nyt synet frå Toåa og Todalen – massevis av flotte bilder som er god reklame både for Toåa, Todalshytta og Todalen og ikkje minst utstyrsleverandøren Zpey.  Kom og bli med på ein fisketur i Toåa!

Publisert: 25. mai 2021, 06:00