Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laksefisket: Vêrforandring og betre elvefiske i vente

Jon Olav Ørsal Sundag 30. juni 2019

Dei to første vekene har det gått litt tregt med laksefisket. Til saman er det landa 7 laks i denne perioden, men gjennomsnittsvekta er rimeleg bra på 5,5 kg – den største var på 9,3 kg og teken på flue. 6 av dei 7 første laksane er forresten tekne på flue, fortel Tove T. Brøndbo i Todalen elveeigarlag.

Dei fleste laksane vart tekne heilt i starten og den første faktisk 30 minutt etter at elva vart opna for fiske. Men det har vore for lita vassføring i Toåa i denne perioden. Vårløysinga er ferdig og det har ført til at vassføringa har minka drastisk og elva er for blank til laksefisket.

Hagan/Brusetmelan i dag tidleg. Vassføringa ved Storfossen er i skrivende stund på rundt 12 m3/sek. og fin fiskarelv. Foto: Jon Olav Ørsal

Komande veke blir det imidlertid forandring, for vêrmeldinga på yr.no lovar regn i heile 10-dagersperioden framover, og da vil nok vassføringa auke og gi litt farge på vatnet. Så dette må være godt nytt for laksefiskarane som har venta på betre forhold i elva.

Publisert: 30. juni 2019, 10:25