I år startar laksefisket i Toåa 1. juni. Det er 2 veker tidlegare enn det som har vore vanleg dei siste åra. Men det sluttar også 2 veker tidlegare – 15. august. Og det er ikkje nokon utvida periode for fike etter sjøørret, etter dei nye reglane.
Todalen elveeigarlag startar sesongen med info-møte på Todalshytta 3. juni.
Elveeigarlaget inviterer både elveeigarar, fiskarar og andre interesserte til informasjonsmøtet. Det skjer på Todalshytta torsdag 3. juni kl 19.30. Der vil vi møte Leif Magnus Sættem frå Forvaltninga, Monika Klungervik frå Rossåa Settefisk og Viggo Finset frå TrønderEnergi i tillegg til elveeigarlagets styre, fortel formann Asbjørn Karlsen i Todalen Elveeigarlag.
Her kan du sjå heile plakaten Sjå også nettsida til Todalen elveeigarlag på Todalslaks.no