Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laksefisket – løsnar det no?

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. juni 2024

Laks nr 2 er iallfal komen i land, fortel Stig Husby som er leiar for Todalen elveeigarlag.  No er det eit lite håp om at det er betring på gang – håpet er no at innsiget berre er forsinka. 

Husby seier at han har fått rapport om det er gjort observasjonar av fleire laksar – både mellomstore og stoe – ved Halsabrua.  Da er det kanskje litt regvêr og større vassføring som skal til for at dei skal gå opp i elva.  Stig er betinga optimist, seier han.   Følg med på laksefisket på Elveguiden.no og velg Toåa.  

Publisert: 29. juni 2024, 16:30