Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laksefisket kan faktisk være gratis i Toåa…

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. juli 2020

Årets lakseseong er godt og vel passert midtsesongen, men er langt i frå at ein kan seie at den er på hell.  Laksefisket som starta 15. juni går fram til 15. august, så det er enno 3 veker att.  Så langt i sesongen (25. juli) er det meldt inn tilsaman 108 laksar, med samla vekt på 419 kg.  Den største laksen som er teken så langt i år er på 11 kg, og gjennomsnittsvekta så langt i sesongen er på 3,9 kg. Viste du forresten at det går an å fiske gratis i Toåa?

Det gjeld å stelle godt med utstyret – her er det 14-åringen Nils K. Gulla som skiftar sluk før han fortsett fisket. – Han har nytta seg av gratis fiske for barn og ungdom under 16 år i Toåa. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er nok knytt bestemte vilkår til slike moglegheiter. Du må være under 16 for å fiske gratis i Toåa – den delen av elva som dispineres av Todalen Elveeigarlag.  Da er det faktisk heilt gratis, for du slepp da å betale både fiskekort til elveeigarlaget og fisketrygdavgifta til Staten.  Dette har faktisk vore gratis i alle år, og det er Todalen elveeigarlags måte å stimulere barn og ungdom til å bli med på fiske.  Men krava til fiskaren er dei same med tanke på å melde frå om fangsten, desinfeksjon av utstyr som har vore bruka i andre elver og reglar elles som du kan lese om på nettsida Todalslaks.no eller i brosjyra som er laga for fiske i Toåa. Brosjyra får du hos Todalshytta eller Matkroken.  Du finn også informasjon om Toåa på www.elveguiden.no. 

Det er mange fine fiskeplassar i Toåa – Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 25. juli 2020, 18:40