Tysdag 15. august var siste dag for laks- og aurefisket i Toåa i år. Det vart eit år på det jamne, dersom vi ser dei 3 siste åra i samanheng. Det gjeld både talet på fanga laks, snittvekt og størrelse. Historisk sett er det eigentleg 3 forholdsvis svake år, der både pandemien og prøveordninga med rotasjonsordning nok har påverka talet på fiskarar negativt, seier Stig Husby som er leiar i Todalen Elveeigarlag.
Nytt styre i elveeigarlaget har lagt ned mykje arbeid det siste året, og vi har hatt eit omfattande samarbeid med både Norske lakseelvar, Elveguiden og andre samarbeidspartnarar. Vi er alt i gang med planar for neste år, og vi ligg an til å få til eit bra opplegg både for elveeigarlaget, Todalshytta og for bygdefolket. Vi ser for oss eit utvida samarbeid med Todalshytta og bygda, og har hatt fiskarar både frå Norge, Sverige, Danmark, – og no sist år frå England.
I tillegg jobbar vi også langsiktig, og har god tru på at vi skal klare å utvikle laksefisket i Toåa i positiv retning gjennom vår 5-årsplan. Eit av tiltaka vi jobbar med er å få utvida sesongen med 4 veker, slik som dei andre lakseelvane i området. Med andre ord er det mykje spennande på gang i tida som kjem, seier Stig Husby i Todalen elveeigarlag.
Fakta for Toåa 2021 2022 2023
Talet på laks 65 81 68
Gjenutsett 35 39 44
Totalvekt, kg 230 284 209
Gjennomsnittsvekt, kg 3,5 3,5 3,1
Største laks, kg 11,0 9,8 9,7
Andel fluefiske, % 57% 59% 54%