Det går mot ny sesong for laksefiske i Toåa. Todalen Elveeigarlag melder at tidsrommet for laksefiske i år er fastsett til perioden 15. juni til 15. august. Det er like ens som i fjor. Døgnkvotane blir også som i fjor, nemleg 2 laks og 2 ørret pr døgn. Todalshytta som innkvarterer mange av laksefiskarane opnar også for sesongen den 15. juni, så det er bare å begynne å gle seg til ny sesong. Det er no gått såpass lang tid at det skal være håp for at ein kan rekne med gjenfangst av laks frå smoltutsettinga som har foregått dei siste åra. Kanskje det blir ein knall-sesong?