Fisket etter laks og sjøaure går mot slutten. Måndag 15. august er siste dag, etter at fisketida vart endra på grunn av faren for overfiske. Den siste tida har vassføringa vore i minste laget, men etter meldingane ligg det an til en god del regn tysdag og onsdag denne veka. På ein liten runde rundt bygda var det fleire fiskarar på elvekanten enn det har vore på lenge.
Vi har ikkje oversikt over kor mykje laks som er teke den siste tida, men vi har inntrykk av at det er ein sesong på det jamne. Det rapporteres at det er bra med laks i Toåa, og spesielt da smålaks på 1-2 kg. Her finn du vermeldinga for Todalen for dei neste dagane på yr.no. Les meir om Toåa som lakseelv på www.todalslaks.no.