Det er knytt stor spenning til årets sesong, for fjorårets sesong var slett ikkje noko å skryte av. Men i naboelvane som alt har starta fisket frå 1. juni, så ser det ut til at det blir eit år med mykje storlaks. No er vi berre spent på om den tendensen vil gjera seg gjeldande her og.
Det såg også lenge ut til at snøsmeltinga kunne bli ferdig tidleg, men ein kald mai gjorde at snøsmeltinga bremsa opp, og det vil nok være med og sikre vassføringa ei stund vidare utover juni, og blir det litt regn så vil tilhøva kunne bli bra.
Elles er ikkje KNT Todalshytta open som betjent turisthytte i år, men KNT har lagt til rette for sjølvbetjening både i Ishuset og i Jomfruburet, til saman 8 senger, så det skulle da bli brukbar løysing. I tillegg er det overnattingskapasitet både på Kårvatn og ved Todalen brygge.
Nytt av året er at du no kjøper fiskekort og rapporterer fisket på den nye nettløysing til elveguiden.no. Den er no opna for kjøp av fiskekort og i tillegg vil du som før kunne kjøpe fiskekort på Matkroken L. Hals. Her vil du også treffe gode kolleger for å skryte av fangsten din over en kaffekopp med noko attåt. Elles kan du lese meir om laksefisket på Todalslaks.no og på elveguiden.no, der du kan kjøpe fiskekort.