Torsdag starta Norsk Laksefestival 2014, med fagdag om vilkårsrevisjonen for Surnavassdraget. Det var nok ein viktig dag for å belyse framtida for både Surna og andre elvar i området. Det dårlege laksefisket har nok ei samansett problemstilling. Det rammar ikkje berre laksefiskarane, men også Laksefestivalen, turistnæring og næringlivet elles. Laksefestivalen når nok høgdepunktet i dag, laurdag, med rikhaldig program både på dagtid og på kveldstid. Her kan du laste ned programmet for heile festivalen som avsluttar søndag.
Programmet laurdag ser slik ut:
07.00 – 13.00 Fiskekonkurranse
08.00 – 10.00 Gratis frokost til ALLE
10.00 – 19.00 Martnadsgate
10.00 – 13.00 Nordmarkstråkket
11.00 – 21.00 Bergstrøms tivoli
11.00 – 12.30 Energikampen kvalik.
12.00 – 18.00 Helikopter
13.00 – 14.00 AMFI talenter
14.30 Finale Energikampen
15.00 Premieutdeling + kåring av årets Laksekonge/Laksedronning
21.00 – 01.00 Utekonsert med Staut og Johnny Logan
Vi har nokre bilde frå frå marknadsgata tidleg fredag ettermiddag. Foto: Jon Olav Ørsal