Peter Ploss frå Tyskland og mangeårig fiskar i Toåa har no på føremiddagen tatt ein laks på ca 3-4 kg nedanfor Øyabrua. Redaksjonen fekk tilsendt bilde etterkvart, og håpar fleire sender inn bilde og litt tekst når dei får noko på kroken utover sommaren.
Oppdatert fangstrapport over fisket i Toåa så langt i år er ikkje utlagt på Elvaeigarlaget si nettside. Det er heller ikkje oppsett oversikt ellers i Todalen for dei som kunne ha interesse av å vite korleis fisket er/har vore i sesongen slik som andre vald i Surna har. På www.surna.no er siste vekes fangst oppdatert, samt 10 på topp 2013, og fangstrapportar tidlegare år.