Torsdag ettermiddag nappa det skikkeleg på kroken til Ivar Borthen. Han stod med markstonga i Engjavadhølen, litt nedafor hengjebrua da storlaksen hogg på. Da den kom på vekta, slo den ut på rundt 8,5 kg og er dermed årets første storlaks som er komen på land. Det er no fin vassføring i Toåa, og det har utover veka kome fleire laksefiskarar som har etablert seg i elva. Vassføringa dei siste dagane har vore heilt oppe på 23 m3/sek, men etter som regnvêret har dabba av er elva no på sakte retur og i skrivande stund er det 17 m3/sek og riktig fin fiskarelv.
Etter vêrmeldinga er det venta opphald utover fredagen, men det blir etter kvart regn igjen utpå laurdag ettermiddag og utover kvelden. Utover fredagen reknar vi med at det blir meir resultat av fisket, og minner om at fangsten i år skal førehandsrapporterast på epost til Todalen elveeigarlag. Dette skjer enkelt på portalen www.todalslaks.no, der det er ein knapp for «Fangstrapport». Rapporten kan enkelt sendast både frå PC, nettbrett og smarttelefon.