Lagseriestemne er leik med friidrett – alle som har lyst kan bli med og det er uformell og artig leik med friidretten. Her er det greit å slenge seg med eller du kan skru på full fart dersom du har lyst til det.
Ski- og friidrettsgruppa som arranger lagseriestemna hadde i kveld invitert borna på Nordvik til å være med, og vi har plass til enda fleire sa Ola Heggset Dalsegg og Gunnar Nordvik i gruppa. Det var full respons frå Nordvik, og eg trur at borna både i Todalen og på Nordvik tykte det var artig å gjera ting i lag, og ikkje minst å bli kjent med kvarandre.
No blir det to torsdagskveldar til før det blir sommarferie til skulen startar på igjen i august. I kveld har det vore fleire øvingar, med kasting av liten ball, løp 60 meter og baneløp 400 meter. Og det var mykje god innsats – berre sjå på bilda frå lagseriestemnet her!