Det var ein iherdig gjeng som måtte på lagseriestemne torsdag kveld. Dei hadde kledd seg god for å være ute i regnet, og da vart det både hopp, kast og løp – bokstaveleg tala på løpande band.
Ingeborg Myrvang noterte resultat etter kvart som deltakarane var i elden. Utover våren blir det lagseriestemne kvar torsdagskveld med start kl 18.00, og ho rekna med at det blir større deltaking etter kvart som det blir meir sommarleg temperatur.