Lagseriegjengen trossa vêret
Torsdagar er lagseriestemnedag, men sist gong var oppmøtet litt labert grunna surt vêrbruk. Likevel gjennomførte dei som kom både lengdehopp, kasting av liten ball, 60 meter og 400 meteren. Denne gongen kom det ingen frå Nordvik, men arrangørane håpar å sjå både dei og enda fleire todalqingar neste torsdag.
Natasha sette nesten ny personleg rekord i liten ball.
Emil held leiinga inn til mål på 60 meteren. Mikael og Natalie hakk i hel.
Ylva Synnøve er ein retteleg snarspringar til og med med støvler. Markus hakket bak.
Etterpå vart det servert heimelaga saft, kaffe og mykje god frukt til gjengen, før dei yngste for ut igjen å spela fotball og klatra i klatrerommet.