Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lagar omkjøringsveg via Tjønnmyra

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. mars 2017

Ved Kufalla er Per Gjeldnes Maskin i full gang med å lage omkjøringsveg med tanke på reparasjon av Dalavegen som er skadd av ras. Det er ikkje teke noko avgjerd om når reparasjonsarbeidet skal skje, men da må omkjøringsvegen være klar.

Her kjem vegen opp til Tjønnmyra. – Myra er teken ut, og her skal det fyllast på med ny masse. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er litt bratt oppover skråninga, men vi skal ta ned skråninga litt og få til brukbar veg etter kvart, fortalte Arne Gjeldnes som satt bak spakene på gravemaskina.  Arbeidet med å lage omkjøringsveg vil fortsette neste veke, fortale han.

Her blir vegen stengt når reparasjonsarbeidet startar. Vegen er skadd av raset, og må stengast nokre dagar medan arbeidet pågår. Foto: Jon Olav Ørsal

Her går «nyvegen» opp frå Dalavegen ved Kufalla. Foto: Jon Olav Ørsal

  

 

 

Publisert: 2. mars 2017, 16:57