Gjennom ei årrekkje har det blitt mykje teleskade på fundamentet under koret og sakristiet under Todalen kyrkje. Dette blir det no retta på når firmaet Tradisjonsbygg har sett i gang reparasjonsarbeid i samarbeide med firmaet Bredesen som stiller med gravemaskin.
Ole Petter Løvsletten, frå firmaet Tradisjonsbygg, fortel at dei no har jekka opp og gravd unna kyrkjemurane og skal no først støype ein bankett som fundament under dei nye murane. Deretter blir det ein ny og solid grunnmur under både koret og sakristiet, samtidig som kyrkjebygget blir retta opp. Dei tre som jobbar med reparasjonsarbeidet ved kyrkja er alle sunndalingar, og Per Håkon Melkild og Ole Petter Løvsletten representerer firmaet Tradisjonsbygg AS og Magne Rune Gikling representerer maskinentreprenørfirmaet Bredesen.