Det er ikkje så vanskeleg å lage nye frukttrær, men det er faktisk ein del knep ein må bruke for å få bra resultat. Søndag var det kurs i poding i Svinviks arboret, og da var det mange interesserte deltakar som meldte sin interesse for å lære faget.
Sven Olav Svinvik var intruktør, med god støtte frå Katarina Wedelsbäck Bladh som er fagansvarleg ved Svinviks arboret. – Skal resultatet bli bra, så må ein være pinleg nøyaktig og reinslag og sørge for at skjøten blir tett og kompakt. Dei som ønska det kunne lage sitt eige frukttre, og dei er nok spente på resultatet som ganske snart kjem for ein dag.