Magnus Holde-Bygvraa har denne veka lada opp til EM i karate på Todalshytta. Om tre veker går EM av stabelen i Holland og da er det viktig at alt stemmer, ikkje minst at den mentale formen er på plass og i balanse. På spørsmål om kva som får en kampsportutøver til å dra frå Danmark til Todalen, så seier Magnus at det er viktig å finne fred og ro før konkurransen som går om 3 veker. Den roa har han funnet i Todalen!
Her har eg klart å koble heilt av, og berre konsentrert meg om å prøve å få laksen til å bite. Og det har eg jammen klart, for ein laks på rundt 5 kg vart frista av spinnaren som vart bydd fram – og dermed satt den på kroken. I løpet av veka har han fiska i forskjellige soner – sågar har han prøve sjøfiske, som absolutt har sin sjarm.
Den roa som eg opplever i elva er faktisk overførbar til kampsporten. Kjell Gunnar Polden som i Surnadal er guru innafor Taekwondo er enig med Magnus i det. Dei er og einige i at noko av det vanskelegaste å sjonglere med er å gå frå avslapping og direkte til hastighet. Dette er faktisk noko ein oppnår i flugefiske. Dei to avslutta seansen framfor Todalshytta med ein liten fight som viste at Kjell Gunnar måtte finne seg i å være lettvektar.
Han er imponert over kor bra mat og godt stell som gruppa han er med i har fått – vi har kosa og og slappa av, og til og med fått litt tid til å nyte den flotte naturen i Todalen og tid til å filosofere litt.