Berre 4 sjakkentusiastar møtte på sesongens første sjakkarrangement på Kaffekroken søndag kveld. Skuffende oppmøte, seier Anders Talgø og Terje Nordvik som har teke initiativ til å samlast til meir eller mindre uformelt sjakkspel i Kaffekroken på Halsbua.
No er det meir uvisst korleis det blir vidare, fortel Anders Talgø, som seier at det må være minst 6 personar som forpliktar seg til å møte på desse samlingane som altså skjer etter stengetid i lokala til Kaffekroken på Hals.
Sist søndag var som sagt sesongens første samling og det møtte kun 4 sjakkentusiastar, og det er alt for lite til at det er nokon vists i å drive. Noe Ber dei to om at dei som er interessert i at det skal bli eit sjakkmiljø i Kaffekroken i vinter tek kontakt, slik at ein får klarlagt om det er nokon interesse for å få til organisert sjakkspel i vinter.