Frå Einy Rendal Elgsæther har vi fått eit par bilete frå siste foreningsmøte i Todalen misjonsforening. Som tidlegare skrive her på todalen.no, slutta Margrete Hals som formann i foreninga etter etter 40 år.
Men Margrete har slett ikkje gjeve seg i møteverksemda for det. Ho arrangerer fortsatt møter, og denne gongen hadde ho laga utstilling av gamle gjenstandar som har høyrt foreninga til. Det var mange gamle protokollar, esker, skinnpung for pengar og nummerlappar etc. Dette er ein kulturskatt som fortel si historie og som det er flott at har vorte teke vare på og ikkje berre kasta skriv Einy.
Møte i Todalen misjonsforening, med Margrete Hals som vertinne.