Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Løyper til Skihytta

Løyper til Skihytta

Jon Olav Ørsal Måndag 4. februar 2013

No blir det oppkøyrt løype til Skihytta. Arnt Ivar Brøndbo starter tysdag arbeidet med oppkøyring av løypetrasè til Skihytta. I første omgang vil arbeidet bli å køyre på løypetrasè og lage ein såle i løypa, men alt til helga vil det blir køyrt på spor. Da blir det spor frå Innerdalsmerket via Talgøsetra til Tristeinan, og vidare utover til Skihytta. Det vil også bli eit spor frå Ungdomshuset og opp Øyalia til Skihytta, og det blir gjort forsøk på å køyre spor frå Tristeinan og oppå Midtryggen.

Vidare utover vinteren vil Todalen Idrettslag prøve å halde ope spor opp til Skihytta, slik at det blir fine løyper for den som vil ut på tur. Vi skal prøve å informere litt om føreforholda på fjellet utover vinteren, derom vi får tilgang på informasjonen som trengs.

Yr.no og skred.no åtvarar mot stor snøskredfare i Trollheimen. Det er kome mykje laussnø, som gjer at det er farleg å ferdast i fjellheimen no.

Først publisert: 4. februar 2013, 22:01 - Sist oppdatert: 6. februar 2013, 14:31