På laurdag frå klokka 10 til 13 vil trekløvertet i redaksjonen for todalen.no sitte på Hals for å starte det offisielle salget av koppane vi har fått laga. Koppen kostar 100 kr stykket, og kan fåast i to ulike utførelsar, men ikkje i ubegrensa opplag.
Samtidig vil redaksjonen vera opne for innspel frå publikum denne dagen. Til dømes om det er noko de ønsker skulle ha vore omtala, vil ha inn på aktivitetskalenderen, eller rett og slett berre er selskapsklein.
Om salet går treigt, har vi fått lovnad frå Handelsmannen om at koppane vil kunne kjøpast over disk på butikken i etterkant, noko vi er veldig takksame for.