Pinsegudstenesta i Stangvik kyrkje samla fullt hus 1. pinsedag. Pinsegudstenesta var ein del av Vårsøgprogrammet, og det kom folk sjøvegen både frå Bøfjorden, Hamnes og frå Nordvik. I tillegg var folk oppmoda om å stille i gamel klestil, med gamle bilar og det var til og med hesteskyss til kyrkja denne dagen.
Frå Einar Grønnes har vi fått ein bildeserie som vi legg ut nedafor. Den viser glimt frå kyrkjebakkan og frå livet omkring. Alle foto: Einar Grønnes