Tradisjon og fornying pregar dei to påskegudsteneste i Todalen i år. Skjærtorsdag kveld kl. 19.30 er det vandring i tekst og tonar gjennom høgtida. Andredagen kl. 12 blir det halde friluftsgudsteneste på Haugligardane.
Temavandring gjennom høgtidsveka
Sokneprest Kristin Strand tek forsamlinga med på ei tenkt «pilegrimsvandring» torsdagskvelden. I bibeltekster, salmar, bøner og musikk stansar ein ved palmesøndag, skjærtorsdag, langfredag og påskedagane. Ei still nattverdutdeling skjer denne gong ved utgangen – under postludiet.
Elin Sæter Brevik på klarinett og Marie Skjerdal med songinnslag utdjupar innhaldet. Organist er Bernt Bøe. Soknerådet er spent på oppslutninga om denne nye gudstesteforma.

Somtid bert og somtid snø under friluftsmessa på Haugligardane. F or 10 år sia (biletet) var det både vinter og vakkert. Foto: Bernt G. Bøe
Samarbeid om friluftsmesse
Heilt frå 2001 har Todalen kyrkjelyd feira andredagspåske med gudsteneste på Haugligardane ovafor Bruset. I år som før er dette eit samarbeid mellom soknerådet og idrettslaget. Kaffe og pølser har vore siste post på programmet. Og – alltid har det vore godvêr på desse dagane!
Men skulle veret slå seg vrangt, så blir også denne gudstenesta inne i kyrkja.