Onsdag kveld inviterer Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor til “Kyrkjetonar året rundt”. Songkvelden er oktober-bidraget til den månadlege markeringa av 150-årsjubileet for Todalen kyrkje. Kyrkjeåret er rikt på musikkuttrykk, og kvelden blir ein song-kavalkade frå advent til helgemesse. Utvalet av songar er denne gongen resultat av demokratisk ønskeprosess blant koristane.
Stilmessig svingar det frå spirituals til Handel, som har levert både “Deg være ære” (originalversjonen) og “Halleluja-koret”. Eldre og nyare salmar blir med – endatil tango-rytmer frå vår komande salmebok! Nyleg innøvd er Wikanders svenske “Stilla natt” (Glade jul). Elles hørest kjærleikstonar frå den bibelske Høgsongen og tekster frå Dødehavsrullane – alt til nydelege melodiar. Her finn du plakat og ein fotomontasje med kora.