Den tidlegare annonserte kyrkjegardsdugnaden tysdag 24.august klokka 17:00, blir flytta til torsdag 26.august klokka 17:00. Grunnen til dette er dårlege vêrmeldingar tysdag med mykje nedbør. Som tidlegare annonsert så er det denne gongen dugnad for å slå graset på kyrkjegarden og fli den opp til konfirmasjonsgudstenesta laurdag og til hausten som står på programmet. Ta difor med kantkløppar eller anna høveleg reiskap.
Todalen sokneråd ønskjer alle velkomne på dugnad.