Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Måndag er det kyrkjegardsdugnad

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. april 2025

Todalen sokneråd inviterer til dugnad på kyrkjegarden komande måndag 28. april frå kl 18:00 og utover.  Da skal vi pynte opp både utvendig og innvendig, fortel Borghild Talgø som er leiar i Todalen sokneråd.  Derfor oppfordrar ho til å ta med høveleg utstyr både til hagearbeid og reinhald inne. 

Det blir sjølvsagt servert dugnadskaffe med noko attåt, og soknerådet vil nytte høvet til å informere litt om det dei har drive med det siste året – og anna aktuell informasjon frå soknet.  Mellom anna har dei rydda i sakrestiet og funne ein flott dåpskjole som i si tid var gåve frå Todalen husmorlag – no er det snart tretti år sia den har vore utlånt.  Alle sammen er velkomne til å bli med på dugnaden måndag kveld!

Først publisert: 24. april 2025, 05:00 - Sist oppdatert: 28. april 2025, 22:16