Måndag 2. mai frå kl 18.00 og utover blir det kyrkjegardsdugnad ved Todalen kyrkjegard, melder soknerådet. Det oppfordrar folk til å bli med og rydde opp etter vinteren. Ta med høveleg redskap som trillebåre, rive, spett og spade. Sjølvsagt blir det kaffepause og dugnadskaffe.
