Måndag kveld 13. mai er det klart for vårdugnad på Todalen kyrkjegard. Det er Todalen sokneråd og kyrkjeverja som inviterer, og dei oppfordrar folk til å kome og hjelpe til med forskjellige slag oppgåver på kyrkjegarden. Det skal rettast opp gravstøtter og ryddast etter vinteren. Det trengs folk med rive, trillebåre, spett, spade og anna høveleg reiskap. Alle som ønskjer å delta er hjarteleg velkomne. Det blir sjølvsagt dugnadskaffe!