Rykande fersk bok om «Kyrkja vår – Stangvik» har akkurat kome ut. Som nyaste bok om lokalt kyrkjeliv, kom boka i handelen no rett før jul. Boka er skriven av Bernt Bøe i samband med 125-årsjubileet for noverande Stangvik kyrkje. Soknerådet ønskjer med dette å dokumentere levd kyrkjeliv før og no.
Arena for liv
Og det med vekt på notida: Boka opnar med ferske glimt av kyrkjeaktive barn, gustenester og frodig konsertliv frå dei siste åra, men også ivaretekne tradisjonar – som kyrkjebåtroinga kvar pinsedag.
Samtidig som historikken er viktig i slike bøker, trer det pulserande livet klårt fram. Kyrkja er ikkje museum, men arena for liv!
Likevel stig det gamle «Storstangvikgjeldet» klårt fram. I boka vil dei fleste på indre Nordmøre finne forfedrane sitt miljø og få innblikk i deira samtid.
Drama og humor
Kyrkjefart i styggver og stille, overtru og skjebner, brann og drama, men også munterhet og pussige hendingar møter lesaren: Lars Klokkar song så elendig at folk rømte ut av kyrkja når han stemte i. Storbonden i Austigard gjekk til rettssak mot Nordvik-folket fordi dei hadde sett seg på kyrkjebenken hans!
Dei tre kyrkjene – og bedehuset
Stangvik har hatt tre kyrkjer. Både stavkyrkja frå 1407, korskyrkja frå 1784 og nykyrkja frå 1897 fortel mykje historie. Endatil sabelbruk på galleriet! Og prinsebrev om Eidsvoll i 1814!
Misjon og kristenlivet på bedehuset har fått brei plass. Visste du at Hans Nielsen Hauge var i bryllaup på Røen i 1802? Eller at søndagsskulelærar Johan Aasgaard på Kvanne har ein melodi i salmeboka vår?
Konsertar, dugnad og symbolikk
Konsertlivet gir Stangvik kyrkje eit særpreg – noko som synest i både tekst og bilete.
Eit anna særpreg er dugnadsånda, gjevarviljen og all frivillig innsats som stadig er synleg.
Den ordlause talen, symbolikken i interiør og kunst, har sitt eige kapittel. Like eins er anekdoter av ymse slag, også tragiske, samla – under overskrifta «Sagt og skrive».
Framtid og tradisjon
Dei yngste, barna på kyrkjekveldane og i gudstenesta, jentekoret og konfirmantane, pregar mykje av «Kyrkja vår – Stangvik». Det gir tru på at både denne og dei andre kyrkjene våre har framtida for seg – samtidig som dei lange tradisjonslinjene er sjølve fundamentet.
Kyrkjelivet dokumentert
Fungerande kyrkjeverje i Surnadal, Lene Wilhelmsen, er glad for at Todalen, Åsskard, Stangvik og resten av Surnadal no har fått kyrkjelivet gjennom alle hundreår samla i bokform.
I lag med Oddvar Moen si bok om Mo kyrkje (1978) har Bernt Bøe hermed dokumentert menighetsliv og kyrkjebygg i heile Surnadal gjennom tidene. Han gav ut «Kyrkja i Todalen» i 2011, «Kyrkja i Åsskard» i 2018 og boka om Ranes og Øye kyrkjer i fjor.
Kyrkjekontoret sel bøkene. I lesande stund er også den nyaste, «Kyrkja vår – Stangvik», å finne på kontoret, i bokhandelen, i somme nærbutikkar og hos utgjevaren, Stangvik sokneråd.