Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kyrkja i solidaritet

Tekst og foto: Bernt Bøe Måndag 28. februar 2022

I kyrkjene verda over er gudstenestene i desse dagar prega av solidaritet med Ukraina. Slik også hos oss i Todalen kyrkje søndag. Vel ligg den allmenne gudstenesteramma fast og uendra uansett skiftande tider. I den har jo livets skiftande vilkår alltid sin plass. Men denne dagen var bøner, takkoffer, song og musikk særleg prega av det vonde som skjer i det søraustlege Europa og av solidaritet med dei lidande. 

Forbøn og takkoffer
Gudstenesta i Todalen vart innleia med Hymne av ukrainske Bortnyanski – spela på orgel. Prest Cathrine Grutle tok forsamlinga med i ei forbøn der krigens mange sår, dei utsette familiane og behovet for hjelp i Ukraina var sentrale element.  Takkofferet gjekk til Redd Barna sitt nødsarbeid i det no krigsherja landet. Under innsamlinga framførte dagens korgruppe eit vakkert Kyrie (altså «bønerop») frå ukrainsk kyrkjetradisjon.

Songar til trøyst
Av salmane var Svein Ellingsens «Noen må våke i verdens natt» særleg utvald på bakgrunn av den mørke situasjonen i Ukraina. Og til utgang song korgruppa tonen «O bli hos meg» til nyskriven tekst – der det mellom anna heiter «Trøyst våre tankar, høyr oss når vi ber».

Vikarprest Cathrine Grutle runda nyleg 50, og Kristian Gjeldnes overrekte boka «Kyrkja i Todalen» som gåve frå todalingane. (Foto Bernt Bøe)

50-årsgåve til prest Cathrine
Etter gudstenesta overrekte soknerådsleiar (og vikarierande kyrkjetenar) Kristian Gjeldnes boka «Kyrkja i Todalen» til vikarprest Cathrine Grutle, som presang frå kyrkjelyden i høveleg hennar nylege 50-årsdag.

Publisert: 28. februar 2022, 06:17