Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kvit Varde- eit lokalt landemerke

Kvit Varde- eit lokalt landemerke

Elinor Bolme Sundag 5. august 2012

I dag var den 3. gongen at Kvit Varde vart arrangert i forbindelse med Norsk Vandrefestival. Dette er eit fleirårig kunstprosjektet som vil spenne seg over mange år, og vil også fortsette å være eit fast innslag i Norsk vandrefestival sitt program, helt til den siste steinen i varden blir lagt. Toril Redalen sjølv var i år forhindra i å delta på turen, men sendte i veg ektemannen Eduard Ortega som ein fullverdig erstattar til å guide dei frammøtte ved Innerdalsmerket på føremiddagen i dag.

Det var berre eit følgje på 7 stk som deltok, men dei var tross alt med dei siste dagars grisver, rimeleg heldige med turen oppover som gjekk i sol og finver. Regnet kom ikkje før dei tok til på heimvegen.

Brit Grønmyr legg sin stein på den voksande varden.

Pause før deltakarane tek til på heimvegen att. Frå venstre; Brit Grønmyr, Britt Mossing, John S Nordvik, Ane S Nordvik og Line Strandheim Nordvik.

 

Toril Redalen seier til todalen.no at ho tykkjer det er stas å sjå at varden sakte men sikkert veks seg større og større. Ho tykkjer også at det er triveleg at varden allerede etter tre år er vorte eit naturleg stoppested og eit lokalt landemerke for dei som ferdast i området.

http://visitredalen.no/ er Toril si eiga heimeside, der ein kan sjå mange av hennar arbeide.

Alle foto Eduard Ortega.

Publisert: 5. august 2012, 20:26