Pionerar frå Rindal, Halsa og Surnadal minnest da kvinnene kom med i politikken. Som kjent fekk kvinnene allmenn stemmerett i 1913, men det var først lenge etter 2.verdskrigen, på 1970-80-90-talet – at kvinner slapp til i kommunestyra utover landet. Slik var det også på Indre Nordmøre. På møte i Indre Nordmøre senioruniversitet 13. november vil kvinnelege pionerar frå Rindal, Halsa og Surnadal samtale – med Eivind Hasle. Han er innleiar og samtaleleiar – om korleis dei opplevde deltakinga si i politikken, kva slags reaksjonar dei møtte frå mennene, veljarane , partiet og familien, og kva slags saksområde dei kom til å engasjere seg i. Betydde det noko for det politiske innhaldet, dei politiske prosessane og for vedtaka at kvinnene kom med ? Korleis ser dei i ettertid på den politiske ”karrieren” sin ? Elles er det ønskeleg med innspel og synspunkt frå salen, og som vanleg blir det kaffe, kake og prat etterpå. Arrangementet er i Surnadal kulturhus onsdag 13/11 kl 1100, der alle er velkomne.