Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kvinnekraft

Kvinnekraft

Elinor Bolme Onsdag 24. april 2013

Surnadal kvinnekraftverk arrangerte tirsdag kveld ei av sine samlingar på Gammelfabrikken i Todalen. Surnadal kvinnekraftverk vart etablert i 2009, og har som formål å skape eit nettverk for kvinner i Surnadal. Nettverket satsar på kompetanseheving og synliggjering av dei mange ressurssterke kvinnene som bur  i kommunen.

Kvinnene vel sjøl tema for kva som skal være agenda for kommende treff. Ulike kvinner har ansvar for gjennomføring av møtene. I tillegg har ei fast arbeidsgruppe ansvaret for regnskap, kontaktliste og annonsering. Arbeidsgruppa består blandt anna av Mette Sæter Ormset, Anne Polden og Kathrine Mauset.

Kvart treff utfordrar ei eller fleire av kvinnene i nettverket, og tirsdag var det Heid Snekvik, marketingsjef ved Talgø AS som hadde regien. Heid orienterte om Talgø si historie frå Tora og Tore Talgø til og med vekas hendelsar der konkursen av Bindalsbruket vart det siste leddet, så langt.

Etter endt rundtur gjennom tre etasjar med historie og ikkje minst vandring i en overflod av ulike møbelstilar, vart det litt enkel servering før Heid fortsette med historia om Heid. Ei imponerande historie som starta med den yngste uteksaminerte barnevernspedagogen fra Sosialhøgskulen som skulle lære Surnadalingane å oppdra barn og organisera heimar i si tid, som ho så humoristisk beskreiv det. Ho fortsette som kjent som gründer og dagleg leiar i Amfi Kreativ AS, før ho til slutt landa hos Talgø.

Undervegs med titlar som Årets gazellebedrift, og Årets kvinnelege gründer i Møre og Romsdal, blandt anna. Ei historie om det å tore å ta sjansen på noko nytt, om ein innst inni kjenner at dette ikkje er «nok», eller at lykka over arbeidssituasjonen ikkje er optimal.

Til slutt orienterte Anne Saltrø Polden i Karin Halle sitt fravær litt om prosjektet «Scenario 2030» som Surnadal kommune no er inne i.

Neste treff i kvinnekraftgruppa blir i Svinviks Arboret først på juni, som ei sommaravslutning før dei startar opp att med «Valg» som tema til hausten. Gruppa er åpen for alle, og for den som ønsker å få informasjon og inbydelsar er det berre å sende epost til skvinnenettverk@gmail.com Eller å bli med i deira Facebookgruppe: Surnadal Kvinnekraftverk

Publisert: 24. april 2013, 21:57