I år, som i fjor, inviterer Surnadal Arbeiderpartiet, Surnadal SV og Folkeakademiet i Surnadal til markering av den internasjonale kvinnedagen. Markeringa skjer i Frivilligsentralen sitt lokale på skei onsdag 8. mars klokka 19:00. Det er gratis inngang!
– Dette blir en markering mer enn en kampdag. 8. mars er en internasjonal markering og er like relevant i dag som tidligere, seier arrangørane.
– Håpet er at også de yngre i Surnadal vil engasjere seg og være med på markeringen, legg dei til.
I 2022 var det 38 stykker som deltok på markeringa av kvinnedagen på Frivilligsentralen.
Nyheim og Iversen reknar med at markeringa tek rundt to timar. Det blir kaffepause med loddsal og quiz med aktuelle tema i løpet av kvelden.
Karsten Mauset vil spele og synge for dei som blir med på markeringa. Det blir appeller frå Surnadal SV sin representant Inger Johanne Iversen og Else Andresen frå Folkeakademiet i Suurnadal.
I år skal ukrainske Alona Vlasova halde tale. Ho vil mellom anna ta opp likestillingskampen i Ukraina før krigen. Alona er 25 år og kjem frå Mariupol i Ukraina. Ho kome til Surnadal med sine to barn og ektemann sin Ivan.