Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kvennsetøran – Fylles opp med masse frå Falla

Jon Olav Ørsal Tysdag 30. januar 2018

Uttaket av masse i samband med utbetringa av vegen i Falla gir mykje overskotsmasse som kjem til nytte på fleire frontar. I fleire veker er det køyrt steinmasse til Nordvik, og denne veka blir det fylt opp på Kvennsetøran, like ved Talgøfabrikken.  Det er mellom 1- og 2.000 m3 som skal fraktes hit, fortel Inge Skogheim, som er prosjektleiar for arbeidet. 

Rundt 1.500 m3 steinmasse skal fylles opp på Kvennsetøran i første omgang. Det er Vatn Maskinstasjon som utfører arbeidet. Foto: Jon Olav Ørsal

Talgø har behov for meir lagerplass i samband med produksjonen ved elementfabrikken, og det er eit område på mellom 2- og 3.000 m2 som no blir fylt ut. Det er Surnadal kommune som eig området, som no skal leiges ut til Talgø.

Det er eit område på mellom 2- og 3.000 m2 som blir fyllt opp i første omgang. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 30. januar 2018, 14:39