Onsdag 1. juni blir det kveldstur oppi Bleikhammarholet i regi av trimgruppa i TIL. Det er oppmøte ved Sanitetshuset, og turen startar kl. 18.30. «Dette er ein familievennleg tur,» seier leiar i trimgruppa, Jorunn Nordvik.
Gudmund K. Kvendset blir med som kjentmann. Viss ein vil gå inn i hola, må ein ta med seg lykt.
For ei veke sidan gjekk turen oppå Tårnet, no blir det utsikt over bygda frå andre sida av dalen.
Alle er velkomne til å bli med på tur!