Rydding i kratt og grøftekantar kan av og til føre til at ein tergar på seg naboar, eller andre som hevdar rett på eigedomen. I Bekkerhagen skjedde så før helga, då to stykk vart angripne av ein gjeng meget irriterte jordkveks. Kveksbolet fekk seg uforvarst ein omgang med riva, og jaggu vart det fart i både folk og kveks…
Sidan bolet låg litt for nære leikeaparatet, vart det hektisk googling på «korleis fjerne jordkveksbol» i nabolaget, før dei lokale skadedyrbekjemparane kom og gjorde ein ende på elendigheita.

Filla blir dynka rikeleg i disel, for no skal kveksen røykast ut. Eller inn, alt etter korleis ein ser det..
Karane i skadedytrpatrulja lika ikkje publisiteten, og vi har derfor forsøkt å anonymisere dei….