I kveld tok Søya/Todalen G10 turen over Stangvikfjorden til Ålvundfjord stadion, for å spele seriekamp mot sin gode nabo Kvass/Ulvungen.
I følge kamprapporten så var det ein jamspelt kamp med mykje godt spel og mange sjansar til båe lag.
Heimelaget var mest effektive framfor mål, så heimelaget fekk nok best utteljing i målprotokollen, seier kamprapporten.
På søndag er det stor fotballdag på Søyabanen. Fleire kampar og årsklassar, mellom anna spelar G10 to kampar denne dagen, nemleg mot Clausenenga og Nordlandet, frå Kristiansund. Etter desse kampane tek G10 ein velfortent sommarferie frå seriespelet.