Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kvass/Ulvungen G9 – Søya/Todalen G9

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 28. mai 2021

Torsdag kveld tok Søya/Todalen sitt G9 lag turen over Stangvikfjorden til Ålvundfjorden for å spele seriekamp mot Kvass/Ulvungen på Ålvundfjord stadion. 

Stor innsats frå båe lag. Foto: Anja Nordvik

Det var heimelaget som kom best i gang i kampen og styrte det meste av spelet dei første minutta av kampen. Bortelaget kom etter kvart til «hektene» og det vart etter kvart ein jamspelt kamp. 

Jamspelt kamp. Foto: Anja Nordvik

Båe laga produserte mange store målsjansar, og nokre av dei vart omsett i teljande resultat, så det var ein underhaldande kamp for alle på sidelina. 

Båe lag skapte mange sjansar. Foto: Anja Nordvik

Rapportane fortel at bortelaget spela ein bra kamp med godt spel og god innsats frå alle spelarane. 

Søya/Todalen med ein stor sjanse. Foto: Anja Nordvik

Sluttresultatet vart, som kampen elles, ganske jamt! 

Takk til Anja Nordvik for informasjon og bilete!

 

 

Først publisert: 28. mai 2021, 08:00 - Sist oppdatert: 27. mai 2021, 21:37