Anders Talgø rapporterer om vellukka start for kurs i kvardagsdata. Som det ligg i namnet så er det tenkt som eit startkurs for å lære bort litt om korleis ein kan kome i gang med kvardagsdata, og det er heilt ufarleg å melde seg på. Første kursdagen var det ikkje nokon stor hop som møtte, med dei 3 som møtte opp tykte det var bra og det kjem nok fleire deltakarar etter kvart, trur Talgø som er initiativtakar og ressursperson for opplegget i Skulstua.

To samlingar til er planlagt så langt – det blir onsdag februar på kveldstid og onsdag 12. februar på dagtid. Foto Sissel Halset Storslett
Første kvelden var det mest fokus på kvardagsbruk av iPad og da var det installasjon av praktiske appar og sletting av uønska appar som var tema i tillegg til enkel bruk og ein del gode tips.
Neste gong det blir kurskveld blir onsdag 5. februar, og da blir det på kveldstid – frå 19 til 21 – og da vil Jo Gjeldnes bidra med nyttige tips om handtering av digitale bilder og litt filbehandling for å læra å ta vare på bilder og andre ting.
Så er det faktisk planlagt ei ny samling på dagtid. Det blir onsdag 12. februar kl. 12-14. Da blir det og iPad som blir tema igjen – og vi startar sjølvsagt framifrå igjen og satsar på at fleire tek med iPaden og kjem til Skulstuå for å lære kvardagsdata.
Det er triveleg å møtast og lære ting i lag, og sjølvsagt høyrer det med ein kaffekopp og noko å bite i seier Anders Talgø til Todalen.no