Vi vil forsøke å arrangere Kvardagsdata i Skulstuå’n nokre onsdagar framover. Alle dagane kan nye møte opp. Det vil alltid bli gjeve grunnleggande hjelp for dei som ønskjer det; altså heilt enkle råd. Kvardagsdata kan vere så mangt. Det er avhengig av den enkelte si interesse, og ikkje minst er det avhengig av om du brukar PC eller nettbrett. Mobiltelefonar (smarttelefonar) kan også brukast til «kvardagsdata». Dei nye telefonane har no i stor grad teke over for fotoapparatet.
No første onsdagen (5. februar) på kveldstid kl 19 – 21,vil det bli fokusert på PC og PC-bruk. Heilt enkle spørsmål om PC-bruk kan da stillast. Og i tillegg vil Jo Gjeldnes bidra med nyttige tips om handtering av digitale bilder. Aktuelle tema kan og vere: Korleis få lagra bilda på PC-en? Kor finn eg igjen bilda? Kan bildearkivet organiserast på ein oversiktleg måte? Kan eg plukke fram bilder for å sende til venner eller til todalen.on? Vi vil gjerne at både dei som vil ha hjelp, og dei som kan gi litt hjelp, møter opp. NB, alle som har interesse av dette kan møte opp!
Dersom du brukar iPad, er det onsdag 12. februar kl 12 – 14 som er aktuell; altså på dagtid. Da vil enkel kvardagsdata på iPad vere temaet. Har du iPad, kan han brukast på liknande vis som PC-en. Val av tilleggstema blir bestemt av interessa til dei som møter. Om det skulle vere bilder, bruk av nettbank, skriving av tekst eller å sikre seg mot virus eller liknande, så kan slike tema bli teke opp etter kvart som vi får tid til det.
På kvar samling vil det bli servert kaffe og kjeks, eller noko anna å bite i. Vel møtt.