10 år er snart gått sidan Todalen.no gjekk på lufta ein augustdag 2009 i forbindelse med lanseringa av barne tv-serien «Fjellgarden i Trollheimen». Og med det ambisiøse sloganet -kvar einaste dag, så har vi faktisk klart å hatt ein grei produksjon av stoff av ulikt slag i alle desse åra. I går var styret samla for ein gjennomgang av året som har gått sidan det snart er årsmøtetid, og ikkje minst planlegge kommande år på lufta.
Rekruttering
Redaksjonen har sidan oppstarten vore stabil, og har forhåpentligvis levert det som har vore forventa. Litt prøving, feiling og frustrasjon må nok hovedredaksjonen med underteikna og Jon Olav Ørsal innrømme at det kanskje kan ha vore, men ikkje verre enn at vi sitt her enno. Og det fram til dags dato utan noko form for vaktordning. Men ingen varer evig, så derfor kunne vi gjerne ha tenkt å fått med oss noken fleire med på laget som kunne delteke med små nyheitsdrypp i ny og ned framover. Dei siste par-tre åra har vi fått god hjelp av Dordi Jorunn Halle som har bistått med smått og stort som ho har komme borti. Og ikkje minst Mari B Redalen som administrerer «Dagens bilete»- som med si arkivside er ei av dei mest besøkte sidene på nettstaden.
I tillegg er mange av våre vel 25 lag og organisasjonar veldig dyktige til å sende inn stoff til oss som dei ønsker å få orientert om. Men; er det nokon som har lyst til å prøve seg som frelanser for oss, så ta kontakt med nokon i styret eller redaksjonen!
Ønsker å yte litt ekstra
Per i dag har todalen.no nesten 30 medlemsbedrifter som betaler ein årleg kontigent. Styret har jobba aktivt ut mot nye bedrifter no på nyåret, og har dei siste par vekene landa 4 nye avtaler; Sparebank 1 SMN, Svinvik Gard, LL Holding AS og KIAS Dører AS. Dette er vi veldig godt fornøgd med, men vi tar gjerne i mot enda fleire, da vi årleg har frafall av ulike årsaker. Styret vedtok i gårsdagens møte å yte bedriftsmedlemmane litt meir service framover. Styret ønsker derfor å åpne opp for at alle bedriftsmedlemmar får publisere sine stillingsutlysningar som eiga nyheitssak, inkludert i medlemskapet. Alt vi ber om, er å få annonsen eller stillings teksta tilsendt til redaksjonen.
Trafikk
Vi hadde i heile 2018 850 603 unike sidevisningar mot 849 621 i samme periode i 2017. Ikkje store forskjellen, men ei lita auke på o,12% prosent. Og det er vi godt fornøgd med, når vi i oppstarten såg for oss at vi berre skulle ha Todalen som målgruppe. Men med ulike medlemmer frå heile kommunen og til og med litt utanfor også, så ser vi at vi har opparbeidd oss eit noko større nedslagsfelt.
Jubileumsfeiring
Styret har i forbindelse med jubileet 25. august lyst til å markere dette med eit lite arrangement i Todalen ungdomshus. Vi oppfordrar dykk derfor til å sette av laurdag 31. august til så lenge. Her vil både bygdefolk, sponsorar, bidragsytarar og andre som har lyst til eit triveleg lag bli invitert. Vi er enno i planleggingsfasen, men tør nesten love at det skal bli både godt og artigt!
Om du ikkje hugsar premierefesta på Kårvatn, så finn du ho her: Fullklaff med premierefesten
Og årets årsmøte vart bestemt til onsdag 6. mars.